| Den afrikanske unionen | |||
| | |||
| | |||
| Skipa | 9. september 1999 | ||
|---|---|---|---|
| Hovudkontor | Addis Abeba, Johannesburg | ||
| Nykelpersonar | João Lourenço | ||
| Nettstad | https://au.int (fleire språk) | ||
Den afrikanske unionen (AU) er ein samarbeidsorganisasjon for statane i Afrika og vart danna 9. juli 2002 i Durban i Sør-Afrika. AU etterfølgjer den tidlegare samarbeidsorganisasjonen Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU) og har som mål å verta ein meir langtgåande politisk og økonomisk eining enn denne. AU skal fremje demokrati, menneskerettar og utvikling i Afrika. Den fyrste leiaren i organisasjonen var Sør-Afrika sin president Thabo Mbeki. Tanken om ein afrikansk union vart til av Libya sin leiar Muammar al-Gaddafi i 1999. Han vert rekna som hovudarkitekten bak unionsprosjektet.
AU har forlate OAU sitt prinsipp om ikkje-innblanding i statane og skal saman danne ein felles fredsstyrke. Den endra politikken har mellom anna resultert i militært nærvær i Darfur i Sudan og Komorane.
«Let Us All Unite and Celebrate Together» er nasjonalsongen til unionen.
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]Den afrikanske unionen har 55 medlemmar som omfattar nesten heile det afrikanske kontinentet. Marokko valde lenge å stå utanfor, fordi Vest-Sahara, som det gjer krav på, er medlem. Den 30. januar 2017 kom Marrokko likevel inn som medlem.[1]
På grunn av militærkupp, har følgjande land vorte mellombels suspenderte frå unionen: Burkina Faso, Gabon, Guinea, Mali, Niger og Sudan.
Toppmøte
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Stad | Dato | |
|---|---|---|---|
| Frå | Til | ||
| 1 | 9. juli 2002 | 11. juli 2002 | |
| 2 | 10. juli 2003 | 11. juli 2003 | |
| Februar 2004 (omframt møte) | |||
| 3 | 6. juli 2004 | 8. juli 2004 | |
| 4 | 24. januar 2005 | 31. januar 2005 | |
| 5 | 28. juni 2005 | 5. juli 2005 | |
| 6 | 16. januar 2006 | 24. januar 2006 | |
| 7 | 25. juni 2006 | 2. juli 2006 | |
| 8 | 22. januar 2007 | 30. januar 2007 | |
Leiarar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Morocco rejoins African Union». Worldbulletin. 30. januar 2017. Henta 31. januar 2017.